top of page
Om oss
 

Norsk Frukt- og Laksefest er ein kultur- og matfestival på vakre Hjelmeland i Ryfylke. Me fremjer lokale mattradisjonar, frukt, laks, kunst, handverk og kultur !

 

Norsk Frukt- og Laksefest har som mål å vera ein festdag for heile familien, der matglede og kultur står i sentrum. Viktige og tradisjonsrike ryfylkenæringar som fruktdyrking, havbruk, landbruk og kunsthandverk får høve til å presentera seg - og lokale artistar står på scena saman med nasjonale.

 

Stort frukt- og laksetorg

Mange vitjar Norsk Frukt- og Laksefest kvart år for å kjøpa førsteklasses frukt eller laks til ein hyggeleg pris. På vårt store frukttorg finn du epler, pærer og plommer. Norsk Frukt- og Laksefest går heller ikkje på akkord med kvaliteten på frukt for å selja til låge prisar, her finn du berre første sortering. Bemanninga på frukttorget består av fruktdyrkarar i frå Ryfylke, tilslutta Rogaland frukt- og bærdyrkarlag. Har du spørsmål om varene, kan du vera heilt trygg på å få fagleg hjelp. På frukttorget er det som regel mykje kjekt å sjå og smake, samt kjekke aktivitetar.

 

Antall besøkande varierer frå 5000 til 7000, noko avhengig av veret. Me har rundt 30 handverks-utstillarar i Spinneriet og rundt 40 utstillarar i Vågen.

bottom of page